Eg har i den siste tida lurt på kvifor nokon ting vert stempla som " Harry". Eg har og lurt litt på kvifor desse tinga vert kalla akuratt "Harry", og ikkje eit anna namn. Det siste kjem eg ikkje til å dvela noko ved i dette innlegget.
Kvifor er Vassendgutane harry? kvifor er grilldress harry? og kvifor er traktormesser harry? Svaret er eigentleg ganske enkelt. Det er personane som likar dette som gjer at det blir harry. For du ser ikkje for deg at det er mange vanlege folk som går på vassendgutane? Nei, du tenkar nok at det passar for bønder som kjem rett frå ei traktormesse! Og det gjer det så absolutt. Eg har, tru det eller ei, vore på Vassendgutane. Det var heeeeilt greit, og kun(!) det. Der var det mykje ymse klientell, men ikkje overraskande mykje. For eg visste jo at det kom til å komma eindel snodige folk der. Og kvifor visste eg dette, jo for alle klarar jo å høyra at Vassendgutane er harry frå morgon til kveld, til og med, og kanskje spessielt i dei seine nattetimar.
Men no spora eg av litt.. det eg lurar litt på er; Finnes det ting som vert harry etterkvart, eller er ein ting som er harry alltid harry?
La oss begynna med musikk. Her tenkjar nok dei fleste at DDE, Sputnik, Ole Ivars, Alan Jackson, Vassendgutane og alt som går på NRKs Country-Jukebox. Det finnes og sjølvsagt mykje innanfor metallsjangeren som er harry. Men er det musikken sin feil, eller er det fansen sin feil at dette er Harry? Her vil eg påstå at det er musikken sin feil. Det er jo ingen normale folk som set på denne typen musikk, dei er harry. Unntaket er når ein er overtrøyt og vil ha det litt morosamt. Derfor er det musikarane sin feil at musikken deira blir harry. Ville dei unngått dette, så burde dei laga musikk for ein litt meir oppegåande fanskare. Dette er grunnen til at klassisk musikk aldri vil bli harry, den tiltrekk seg ikkje idiotar!
neste punkt er dataspel, og i grunnen bare WOW. Dette anar eg ikkje korleis virkar, eller ser ut. så eg kan ikkje uttala meg så voldsomt. Men det gjer eg likevel! WOW er kanskje den fritidssyslen eg assosierar mest med triste, kvisebefengte, lyssky dysletikarar. Og det har eg god grunn til. Eg har ennå til gode å treffa ein wow-nerd som ser normal ut. Og her vil eg skylda på brukarane av WOW for at det er harry. For spelet i seg sjølv er nok greit nok, men når dei som du høyrer om som spelar WOW er som dei er, så er det ikkje vanskeleg å forstå at vanlege folk ikkje gidd. Du tenkar kanskje at det er dei som lagar spelet sin feil, på same måte som dei som lagar musikk. Men NEI! Musikk som er harry får du uansett med deg, på radio, tv og liknande. Og då har "alle" fått tilbudet om å høyra på det. og derfor har eg heilt grei kjennskap til "harry-musikk". Mens WOW får du ikkje med deg, utan at du oppsøkar det sjølv. Og når du ser kva slags folk som spelar WOW, så skyr du det som pesten og held deg langt vekke. Derfor er det antakelegvis berre stakkarar som torer å prøva seg på WOW, for dei syns at av ein eller anna uforståeleg grunn WOW ser kult ut.
Grensehandel.. Dette er jo kanskje nasjonalsporten til Harry-Norge. (eg gjer blaffen i om det heitar Noreg på nynorsk, eg skriv Norge). Men kvifor er det så gale med grensehandel? ein får ein liten tur utanfor Norge, og ein får billige varer. Det høyres jo ut til å vera ein god deal..? Her er det iallefall sikkert at det er brukarane som gjer dette harry. For når ein tenkar på grensehandel så ser ein jo for seg nokon blautfeite folk med hockeysveis og grilldress som har reist over grensa for å handla sprit, røyk og bacon. Og når det stort sett er trygdemottakarar og folk frå grilldressforeninga som ser seg fattige nok til å gjera dette, så er det jo dømt til å verta harry.
Viss du nokon gong ser meg i grilldress, på veg mot ein countrykonsert så skal du få lov til å slå meg!
Takk og lov for at DKM alltid vil ver freda for denne folkegruppa =) kan dessverre ikkje seie det same om mitt kjære Leeds United, men me likar vel alle ting som er litt harry..